Blogg

Julekalender – DAG 10

I dag har eg eit lite julegåvetips!

Personlege gåver er alltid ein fin touch, og med Moldvarpdesign får ein alltid det.
Besøk facebook-sida mi: https://www.facebook.com/Moldvarpdesign.no/ og sjekk ut produkta. Send meg melding, så finn me ut av akkurat dei justeringane du ynskjer.

Dagens freebie er ein fin plakat! Denne finst også med personleg vri på Facebook-sida her: Deg og meg – Moldvarp design

25086902_10154988662591232_261475081_o.jpg

LAST NED PDF her: Deg og meg

Eller lagre bilete og print ut:degogmegUTANnavn

Julekalender – DAG 8

I dag står julemusikken på for fullt, og eg tenkte å dela eit lite Spotify-tips!

Som mange andre har du kanskje laga deg ei julespeleliste. For å gjera den litt meir personleg og kjekkare, kan du endre på «album»-biletet.

Det gjer du på denne måten:

large.png

  1. Trykk på bilete på spelelista.
  2. Trykk på «choose image» og last opp ditt bilete.
  3. Lagre

Her er nokre bilete, dersom du ikkje har nokon sjølv:

Julekalender – DAG 1

Tjohei!
I dag er det endeleg lov å opna julebrusen og setje på julemusikken! Eg må innrømma at eg ikkje har klart å halda meg heilt, men no skal eg nyta det til det fulle… Her går det i siste eksamensinnspurt, før eg endeleg kan ta juleferie.

Tenkte å dela ein liten freebie med dykk for kvar dag i desember 🙂

I dag har me eit julekort – print ut så mange du vil, så er du sikra for jula!

LAST NED PDF: Kort – god jul, enkel med stjerner

Eller trykk på biletet og lagre det:Kort - god jul, enkel med stjerner